Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten nedgang for hotella
I september i år var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 1 prosent samanlikna med september i fjor. Norske overnattingar gjekk opp med 1 prosent medan utanlandske overnattingar gjekk ned med 6 prosent.
Ferietrafikken trakk ned totaltalet i september, medan det var ein auke i kurs og konferanse og yrkestrafikken. Ferietrafikken gjekk ned med 4 prosent , frå 609 000 til 584 000 overnattingar. Av dei store utanlandske marknadene i september 2008 var Sverige størst med 47 000 overnattingar. Talet på svenske overnattingar gjekk opp med 13 prosent frå i fjor, medan Storbritannia hadde den største nedgangen med 13 prosent.
Auke for camping
Frå september i fjor til september i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 4 prosent, frå 467 000 til 485 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 7 prosent, medan utanlandske campingovernattingar fall med 8 prosent. For alle dei spesifiserte utanlandske marknadane gjekk talet på overnattingar opp med unntak av Nederland og Tyskland som gjekk ned med høvesvis 17 og 4 prosent.
Hyttegrender aukar
Talet på overnattingar ved hyttegrender gjekk opp frå 90 000 til 99 000, ein auke på 9 prosent samanlikna med september 2007. Norske hyttegrendovernattingar gjekk opp med 16 prosent medan utanlandske overnattingar var uendra frå september 2007.
Stabilt hittil i år
Trass nedgang i talet på hotellovernattingar hittil i år hadde totaltrafikken 28 000 fleire overnattingar, ein auke på 0,1 prosent samanlikna med same periode i fjor. Hyttegrender hadde 19 000 fleire overnattingar, ein auke på 2 prosent samanlikna med perioden januar-september 2007. Størst auke i perioden hadde campingplassane som steig frå 7,9 millionar til 8,1 millionar overnattingar, ein oppgang på 2,5 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. September. 2007 og 2008
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-september og september. 2007 og 2008
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. September. 2007 og 2008
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - september. 2007 og 2008
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - september og september 2008
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. September. 2007 og 2008
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - september. 2007 og 2008
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2008
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - september 2008
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. September 2008
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-september 2008
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2008
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2008
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - september 2008
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. September 2008
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-september 2008
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54