Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre hotellovernattingar
I oktober i år var det 1,34 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 2 prosent samanlikna med oktober i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med 2 prosent.
Av dei store utanlandske marknadene auka talet på svenske overnattingar med 2 prosent, medan Storbritannia hadde ein nedgang på heile 18 prosent samanlikna med oktober 2007. Kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med 5 prosent samanlikna med same månad i fjor, frå 281 000 til 296 000, medan yrkesovernattingar og ferieovernattingar gjekk ned med høvesvis 5 og 3 prosent.
Auke for camping
Frå oktober i fjor til oktober i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 7 prosent, frå 223 000 til 239 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 8 prosent, medan utanlandske var om lag uendra.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 55 000 til 60 000, ein auke på 8 prosent samanlikna med oktober 2007. Det var 2 000 fleire norske og 3 000 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i oktober i år samanlikna med oktober i fjor.
Liten oppgang i totaltala hittil i år
Med auke i camping- og hyttegrendovernattingar i perioden januar til oktober 2008 gjekk talet for alle overnattingsformene litt opp i forhold til same perioden i 2007. Norske overnattingar auka med 1 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 2 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Oktober. 2007 og 2008
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - oktober og oktober. 2007 og 2008
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Oktober. 2007 og 2008
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - oktober. 2007 og 2008
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - oktober og oktober 2008
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Oktober. 2007 og 2008
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - oktober. 2007 og 2008
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2008
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - oktober 2008
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Oktober 2008
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-oktober 2008
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2007
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2008
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - oktober 2008
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Oktober 2008
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-oktober 2008
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54