Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang for hotella i 2008
I 2008 var det 18,2 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 2 prosent frå 2007. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med høvesvis 1 og 3 prosent.
Av dei store utanlandske marknadene auka Sverige talet på overnattingar med 3 prosent frå 2007 til 2008, medan den britiske marknaden gjekk ned med heile 13 prosent i den same perioden. Talet på kurs og konferanseovernattingar auka med 3 prosent, medan det ikkje vart fleire yrkes- eller ferieovernattingar. Samanlikna med 2007 vart talet på ferieovernattingar redusert med 4 prosent.
Auke for camping
Frå 2007 til 2008 vart det 2,7 prosent fleire overnattingar på campingplass, ein auke frå 8,4 millionar til 8,6 millionar overnattingar. Det var innanlandske turistar som sørgde for auken. Den norske marknaden hadde ein auke på 4 prosent, medan utlendingar hadde 1 prosent færre overnattingar enn i 2007.
Fleire hyttegrendovernattingar
Det var meir populært å overnatte i hyttegrender i 2008 samanlikna med året førre, ein auke på 2 prosent. Utanlandske turistar stod for mesteparten av auken. Talet på norske og utanlandske overnattingar auka med høvesvis 0,5 og 3 prosent.
Nedgang i desember tross auke for camping og hyttegrender
Samanlikna med desembertala for 2007 var hotellovernattingstala for desember 2008 låge. I desember i 2007 hadde norske hotell 946 000 overnattingar, medan dei hadde 900 000 i desember i 2008. Dette er ein nedgang på 5 prosent. Også Norske Vandrerhjem hadde færre overnattingar i desember i år, ein nedgang på 25 prosent frå desember i fjor. Overnatting i camping- og hyttegrend var derimot meir populært i desember i 2008 enn i tilsvarande månad året før. Auken var på høvesvis 10 og 2 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Desember. 2007 og 2008
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - desember og desember. 2007 og 2008
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Desember. 2007 og 2008
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - desember. 2007 og 2008
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - desember og desember 2008
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Desember. 2007 og 2008
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - desember. 2007 og 2008
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2008
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - desember 2008
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Desember 2008
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-desember 2008
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2008
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2008
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - desember 2008
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Desember 2008
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-desember 2008
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54