Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Hotellovernattingar ned med 7 prosent
I januar i år var det 1,11 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 7 prosent samanlikna med januar i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med høvesvis 7 og 9 prosent.
Av dei store utanlandske marknadene auka Danmark i talet på overnattingar med 10 prosent, medan talet på overnattingar av personar frå Storbritannia og Tyskland gjekk ned med heile 21 og 22 prosent samanlikna med januar 2008. Talet på kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 16 og 10 prosent samanlikna med same månad i fjor, medan ferieovernattingar auka lite, 0,5 prosent frå 413 000 til 415 000 overnattingar.
Auke for camping
Frå januar i fjor til januar i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 4 prosent, frå 163 000 til 169 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 2 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk opp med heile 18 prosent frå januar 2008.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 142 000 til 160 000 overnattingar, ein auke på 13 prosent samanlikna med januar 2008. Det var 8 000 fleire norske og 11 000 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i januar i år samanlikna med januar i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Januar. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - januar og januar. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - januar og januar 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar. 2008 og 2009
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke.Januar 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar 2009
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar 2009
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54