Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig færre hotellovernattingar
I februar i år var det 1,28 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 11 prosent samanlikna med februar i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med 11 prosent.
Alle dei store utanlandske marknadene gjekk ned i talet på overnattingar i februar 2009, med unntak av Nederland som auka med 4 prosent samanlikna med februar i fjor. Størst nedgang i heile tal hadde Danmark, med 15 000 færre overnattingar, medan Storbritannia hadde den største prosentvise nedgangen, med 21 prosent.
Kurs- og konferanse- samt ferieovernattingar gjekk ned med høvesvis 14 og 13 prosent samanlikna med same månad i fjor. Yrkesovernattingar gjekk ned med 7 prosent, frå 586 000 til 543 000 overnattingar.
Omsetningsnedgang, men auke i prisen per rom
Samanlikna med februar 2008, gjekk omsetninga for hotella ned med 9 prosent - frå 855 millionar til 782 millionar - medan prisen per rom auka med 1 prosent - frå 895 til 907 kroner.
Liten auke for camping
Frå februar i fjor til februar i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 1 prosent, frå 227 000 til 230 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 5 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med heile 24 prosent frå februar 2008.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 166 000 til 172 000 overnattingar, ein auke på 3 prosent samanlikna med februar 2008. Det var 3 000 fleire norske og 1 000 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i februar i år samanlikna med februar i fjor.
Februar i 2009 hadde 28 dagar, medan februar i fjor, som var skuddår, hadde 29 dagar. Det betyr at februar i år er 3,6 prosent kortare enn i fjor. Det er viktig å sjå nedgangen for hotella, og i og for seg auka for camping og hyttegrender, på den bakgrunn. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Februar. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-februar og februar. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Februar. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - februar. 2008 og 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - februar og februar 2009
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Februar. 2008 og 2009
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-februar. 2008 og 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2009
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - februar 2009
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Februar 2009
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-februar 2009
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2009
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2009
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - februar 2009
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Februar 2009
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-februar 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54