Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire norske hotellovernattingar
I mars i år var det 1,43 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 2 prosent samanlikna med mars i fjor. Norske overnattingar auka med 8 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med 15 prosent.
Alle dei store utanlandske marknadene hadde færre overnattingar i mars 2009 enn i mars i fjor. Størst nedgang hadde Sverige og Tyskland med 11 000 færre overnattingar.
Kurs- og konferanseovernattingar og dessutan yrkesovernattingar gjekk opp med høvesvis 33 og 20 prosent samanlikna med same månad i fjor, medan ferieovernattingar gjekk tilbake med 20 prosent frå 687 000 til 552 000 overnattingar.
Omsetningsauke
Samanlikna med mars 2008 gjekk omsetninga for hotella opp med 16 prosent, frå 790 millionar til 920 millionar, og gjennomsnittleg oppnådd pris per rom auka frå 886 til 897 kroner.
Nedgang for camping
Frå mars i fjor til mars i år gjekk talet på campingovernattingar ned med heile 32 prosent, frå 336 000 til 227 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk ned frå 296 000 overnattingar til 200 000, ein nedgang på 32 prosent. Utanlandske campingovernattingar viste ein tilbakegang på 29 prosent frå mars 2008.
Færre hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar gjekk tilbake frå 192 000 til 162 000 overnattingar, ein nedgang på 15 prosent samanlikna med mars 2008. Det var 19 000 færre norske og 10 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i mars i år samanlikna med mars i fjor.
Påska i 2009 fall i april, medan den i 2008 i sin heilskap fall i mars. Det at tidspunktet for påska fell ulikt fra år til år, gjer det vanskeleg å samanlikne overnattingstal i mars og april med same månad året før. I påskemånaden er det som regel færre yrkes- og kursovernattingar og fleire ferieovernattingar på hotella. Påskemånaden er også ein viktig månad for mange campingplassar og hyttegrender. Påska er viktig for overnattingsbedriftene på dei store vintersportsstadane, medan mange byhotell tvert imot vil oppleve påska som lågsesong. Det er difor vanskeleg å seie korleis påsketrafikken slår ut på overnattingstala på landsbasis. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mars. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-mars og mars. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mars. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-mars. 2008 og 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-mars og mars 2009
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mars. 2008 og 2009
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-mars. 2008 og 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2009
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2009
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mars 2009
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mars 2009
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2009
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2009
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2009
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mars 2009
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mars 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54