Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang for utanlandske overnattingar
I mai i år var det 1,33 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 4 prosent samanlikna med mai i fjor. Talet på utanlandske overnattingar gjekk ned med 17 prosent, medan norske overnattingar var om lag uendra samanlikna med mai i fjor.
Alle dei store utanlandske marknadene viste ein tilbakegang i mai 2009. Unntaket var overnattingstalet frå Sverige som auka med 9 prosent. Størst nedgang viste Storbritannia med 15 000 færre overnattingar, ein nedgang på 30 prosent samanlikna med mai 2008.
Overnattingar av alle formål blei reduserte. Kurs- og konferanse- og ferieovernattingar gjekk tilbake med høvesvis 2 og 4 prosent frå mai i fjor, medan mengda yrkesovernattingar gjekk ned med 6 prosent.
Omsetningsnedgang, men auka pris per rom
Samanlikna med mai 2008 gjekk omsetninga for hotella ned med 6 prosent, frå 898 millionar til 844 millionar, medan prisen per rom auka frå 880 til 884 kroner.
Talet på norske campingovernattingar aukar
Frå mai i fjor til mai i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 5 prosent, frå 679 000 til 715 000 overnattingar. Talet på norske campingovernattingar auka med 6 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med 2 prosent samanlikna med mai 2008.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar auka med 13 prosent, frå 77 000 overnattingar i mai i fjor til 87 000 overnattingar i mai i år. Både talet på norske og utanlandske hyttegrendovernattingar steig, samanlikna med mai i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mai. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - mai og mai. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mai. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - mai. 2008 og 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - mai og mai 2009
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mai. 2008 og 2009
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - mai. 2008 og 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2009
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - mai 2009
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2009
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mai 2009
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2009
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2009
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - mai 2009
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai 2009
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mai 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54