Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svikt i utanlandske overnattingar
I juni i år var det 1,88 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 3 prosent samanlikna med juni i fjor. Talet på utanlandske overnattingar gjekk ned med 13 prosent, medan norske overnattingar gjekk opp med 3 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene viste tilbakegang i juni 2009. Størst nedgang hadde Tyskland og Storbritannia med nedgang på høvesvis 13 og 26 prosent samanlikna med juni 2008. Unntaka var Frankrike og Sverige, som auka med høvesvis 9 og 3 prosent.
Kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med 9 prosent, medan yrkes- og ferieovernattingar gjekk ned med høvesvis 4 og 6 prosent.
Liten omsetningsnedgang, men auka pris per rom
Samanlikna med juni 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella ned med 0,4 prosent, frå 1 131 millionar til 1 126 millionar kroner. Gjennomsnittleg pris per rom auka derimot frå 862 til 882 kroner.
Fleire campingovernattingar
Frå juni i fjor til juni i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 3 prosent, frå 1,42 millionar til 1,47 millionar overnattingar. Talet på norske campingovernattingar auka med 8 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med 5 prosent samanlikna med juni 2008.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar auka med 6 prosent, frå 118 000 overnattingar i juni i fjor til 125 000 overnattingar i juni i år. Talet på norske hyttegrendovernattingar steig med 11 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar var om lag uendra samanlikna med juni i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juni. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juni og juni. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juni. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-juni. 2008 og 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-juni og juni 2009
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juni. 2008 og 2009
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-juni. 2008 og 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juni 2009
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2009
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juni 2009
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juni 2009
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2009
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juni 2009
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2009
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juni 2009
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juni 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54