Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Norske overnattingar aukar på hotella
I juli i år var det 2,39 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 1 prosent samanlikna med juli i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk opp med 8 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar gjekk ned med 10 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene viste tilbakegang i juli 2009 samanlikna med same månaden året førre. Størst nedgang hadde Storbritannia med 33 prosent. Nederland og Tyskland hadde òg nedgang. Unntaket var den svenske marknaden, der talet på overnattingar auka med 2 prosent.
Talet på kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med heile 6 prosent, medan talet på yrkes- og ferieovernattingar auka med høvesvis 2 og 1 prosent.
Omsetningsnedgang, men auka pris per rom
Samanlikna med juli 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella ned med 2 prosent, frå 995 millionar til 973 millionar, medan gjennomsnittleg pris per rom auka frå 776 til 778 kroner.
Færre campingovernattingar
Frå juli i fjor til juli i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 3 prosent, frå 2,85 millionar til 2,75 millionar overnattingar. Talet på norske og utanlandske campingovernattingar gjekk ned med høvesvis 1 og 9 prosent.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar auka med heile 15 prosent, frå 185 000 overnattingar i juli i fjor til 213 000 overnattingar i juli i år. Både talet på norske og talet på utanlandske hyttegrendovernattingar gjekk opp, med høvesvis 24 og 7 prosent, samanlikna med juli i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juli. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - juli og juli. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juli. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - juli. 2008 og 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - juli og juli 2009
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juli. 2008 og 2009
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - juli. 2008 og 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2009
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - juli 2009
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2009
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juli 2009
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2009
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2009
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - juli 2009
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juli 2009
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juli 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54