Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
3 prosent færre hotellovernattingar
I august i år var det 2,03 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 3 prosent samanlikna med august i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 2 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar gjekk ned med 6 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene viste tilbakegang i august 2009 samanlikna med august 2008. Størst nedgang hadde Tyskland med 10 prosent. Storbritannia og Spania hadde òg nedgang. Talet på overnattingar frå Sverige, Nederland og Frankrike auka derimot.
Talet på ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 3 prosent. Kurs- og konferanseovernattingar samt yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 17 og 10 prosent.
Nedgang i omsetning og pris per rom
Samanlikna med august 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella ned med 9 prosent, frå 1 113 millionar til 1 021 millionar. Gjennomsnittleg pris per rom gjekk ned frå 854 til 823 kroner.
Færre campingovernattingar
Frå august i fjor til august i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 2 prosent, frå 1,62 millionar til 1,58 millionar overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk ned med høvesvis 1 og 4 prosent.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar auka med 2 prosent, frå 151 000 overnattingar i august i fjor til 155 000 overnattingar i august i år. Både norske og utanlandske hyttegrendovernattingar gjekk opp med 2 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. August. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-august og august. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. August. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-august. 2008 og 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-august og august 2009
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. August. 2008 og 2009
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-august. 2008 og 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2009
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2009
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. August 2009
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-august 2009
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2009
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2009
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2009
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. August 2009
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-august 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54