Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig færre hotellovernattingar
I september i år var det 1,53 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 3 prosent samanlikna med september i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 2 prosent, medan utanlandske overnattingar blei redusert med 6 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene viste tilbakegang i september 2009 samanlikna med september 2008. Størst nedgang hadde Storbritannia og USA med høvesvis 9 000 og 8 000 færre overnattingar. Unntaka var gjester frå Japan, Italia og Tyskland. For desse gruppene auka overnattingstalet
Talet på ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 3 prosent. Talet på overnattingar på kurs- og konferanse samt yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 7 og 6 prosent.
Nedgang i omsetning og pris per rom
Samanlikna med september 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella tilbake med 6 prosent, frå 1 048 millionar til 983 millionar, medan gjennomsnittleg pris per rom fall med 10 kroner frå 885 til 875 kroner.
Færre campingovernattingar
Frå september i fjor til september i år blei talet på campingovernattingar redusert med 8 prosent, frå 485 000 til 445 000 overnattingar. Både norske og utanlandske campingovernattingar viste ein tilbakegang på høvesvis 9 og 3 prosent.
Færre norske hyttegrendovernattingar
Det var ein reduksjon i talet på hyttegrendovernattingar på 11 prosent, frå 99 000 overnattingar i september i fjor til 88 000 overnattingar i september i år. Norske hyttegrendovernattingar stod for heile nedgangen.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. September. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-september og September. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. September. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-september. 2008 og 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-september og september 2009
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. September. 2008 og 2009
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-september. 2008 og 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2009
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-september 2009
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. September 2009
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-september 2009
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2009
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2009
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-september 2009
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. September 2009
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-september 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54