Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire norske hotellovernattingar
I oktober i år var det 1,36 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 1 prosent samanlikna med oktober i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk opp med 1 prosent, medan utanlandske overnattingar var om lag uendra.
Når det gjeld dei store utanlandske marknadene, steig talet på gjestedøgn med personar frå Sverige og Tyskland med høvesvis 4 og 11 prosent i oktober 2009 samanlikna med oktober 2008. Størst nedgang av dei store marknadene hadde Danmark med 13 prosent færre overnattingar.
Ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 17 prosent. Overnattingar på kurs- og konferanse samt yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 10 og 3 prosent.
Nedgang i omsetning og pris per rom
Samanlikna med oktober 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella ned med 8 prosent, frå 942 millionar til 869 millionar, medan gjennomsnittleg pris per rom gjekk ned frå 897 til 856 kroner.
Færre campingovernattingar
Frå oktober i fjor til oktober i år gjekk talet på campingovernattingar tilbake med 7 prosent, frå 239 000 til 222 000 overnattingar. Både norske og utanlandske campingovernattingar gjekk tilbake med høvesvis 5 og 19 prosent.
Fleire norske hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar hadde ein liten auke i oktober 2009 i høve til oktober 2008. Norske overnattingar steig med 6 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 9 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Oktober. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-oktober og oktober. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Oktober. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-oktober. 2008 og 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-oktober og oktober 2009
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Oktober. 2008 og 2009
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-oktober. 2008 og 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2009
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2009
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Oktober 2009
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-oktober 2009
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2009
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2009
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2009
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Oktober 2009
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-oktober 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54