Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre hotellovernattingar
I november i år var det 1,25 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 2 prosent samanlikna med november 2008. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 1 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med heile 6 prosent.
Av dei store utanlandske marknadene steig Frankrike og Italia med høvesvis 10 og 37 prosent i november 2009 samanlikna med november 2008. Desse landa hadde ein positiv trend i heile perioden januar-november 2009 sett i høve til same periode året før. Blant dei store marknadene hadde Spania størst prosentvis auke, med 41 prosent, medan Storbritannia viste størst nedgang, med 9 prosent færre overnattingar.
Ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 7 prosent. Overnattingar på kurs og konferanse samt yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 13 og 1 prosent.
Nedgang i omsetning og pris per rom
Samanlikna med november 2008 gjekk losjiomsetninga for hotella ned med 4 prosent, frå 905 millionar til 865 millionar kroner. Samstundes gjekk gjennomsnittleg pris per rom ned frå 896 til 880 kroner.
Fleire norske campingovernattingar
Frå november 2008 til november 2009 gjekk talet på campingovernattingar ned med 1 prosent, frå 176 000 til 174 000 overnattingar. Norske campingovernattingar steig med 2 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med heile 27 prosent.
10 000 fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar auka i november 2009 sett i høve til same månad førre året. Norske og utanlandske hyttegrendovernattingar gjekk opp med høvesvis 18 og 33 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. November. 2008 og 2009
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-november og november. 2008 og 2009
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. November. 2008 og 2009
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-november. 2008 og 2009
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-november og november 2009
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. November. 2008 og 2009
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-november. 2008 og 2009
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2009
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-november 2009
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. November 2009
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-november 2009
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2009
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2009
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2009
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-november 2009
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. November 2009
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-november 2009
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54