Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i utanlandske overnattingar
I januar 2010 var det 1,09 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 2 prosent frå 2009. Talet på norske overnattingar var om lag uendra, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med 7 prosent.
Av dei store utanlandske marknadene var det den danske marknaden som fall mest, med heile 28 prosent samanlikna med januar 2009. Også talet på tyske overnattingar gjekk ned i same perioden. Storbritannia og Nederland auka talet på overnattingar med 3 og 7 prosent samanlikna med januar 2009. Talet på kurs og konferanseovernattingar og ferie- og fritidsovernattingar steig i januar 2010, med høvesvis 1 og 2 prosent samanlikna med same månad i fjor, medan yrkesovernattingar gjekk ned med 6 prosent, frå 505 000 til 475 000 overnattingar.
Færre campingovernattingar
Frå januar i fjor til januar i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 9 prosent, frå 169 000 til 155 000 overnattingar. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med høvesvis 8 og 18 prosent.
13 prosent færre hyttegrendovernattingar [Retta 19. mars 2010]
Talet på hyttegrendovernattingar gjekk ned med 20 000 overnattingar i januar 2010. Særleg utanlandske hyttegrendovernattingar fall i januar 2010 med 16 prosent færre overnattingar, frå 110 000 til 92 000. Den danske marknaden gjekk ned med heile 19 000 overnattingar, ein nedgong på 25 prosent. Norske hyttgrendovernattingar gjekk i same periode ned med 5 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Januar. 2009 og 2010
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - januar og januar. 2009 og 2010
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar. 2009 og 2010
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-januar og januar 2010
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar. 2009 og 2010
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2010 (Retta 19. mars 2010)
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar 2010 (Retta 19. mars 2010)
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar 2010 (Retta 19. mars 2010)
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2010 (Retta 19. mars 2010)
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar 2010 (Retta 19. mars 2010)
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar 2010 (Retta 19. mars 2010)
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54