14364_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14364
Fleire utanlandske hotellovernattingar
statistikk
2010-04-30T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmars 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire utanlandske hotellovernattingar

I mars i år var det 1,45 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 2 prosent samanlikna med mars i fjor. Talet på utanlandske overnattingar gjekk opp med 9 prosent, medan norske overnattingar var om lag uendra.

Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i mars 2010. Unntaket er Nederland som fall med 5 prosent sett i høve til mars i fjor. Størst oppgang hadde Danmark med ein auke på 11 prosent eller 8 000 fleire overnattingar.

Kurs- og konferanseovernattingar samt yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 10 og 7 prosent samanlikna med same månaden i fjor, medan talet på ferieovernattingar gjekk opp med heile 17 prosent frå 552 000 til 646 000 overnattingar.

Omsetningsnedgang og nedgang i prisen per rom

Sett i høve til mars 2009 gjekk omsetninga for hotella ned med 5 prosent, frå 920 millionar til 869 millionar, medan prisen per rom gjekk ned med 2 prosent frå 897 til 880 kroner.

Auke for camping

Frå mars i fjor til mars i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 24 prosent, frå 228 000 til 283 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med heile 30 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med 14 prosent frå mars 2009.

46 000 fleire hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 162 000 til 209 000 overnattingar, ein auke på 29 prosent samanlikna med mars 2009. Det var 32 000 fleire norske og 14 000 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i mars i år i høve til mars i fjor.

Tabeller: