Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire hotellovernattingar i vintersesongen
I perioden januar-april i år var det 5,12 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 3 prosent samanlikna med same perioden i fjor. Talet på både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp, med høvesvis 2 og 7 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i januar-april 2010, med unntak av Danmark som fall med 1 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Størst oppgang hadde Sverige med ein auke på 8 prosent eller 15 000 fleire overnattingar.
I april 2010 gjekk talet på hotellovernattingar opp med 9 prosent. Både norske og utanlandske overnattingar auka, med høvesvis 7 og 18 prosent.
Kurs- og konferanseovernattingar samt ferieovernattingar gjekk opp med 14 og 2 prosent samanlikna med same månaden i fjor, medan yrkesovernattingar gjekk opp med heile 15 prosent frå 459 000 til 526 000 overnattingar.
Omsetningsauke og oppgang i prisen per rom
Samanlikna med april 2009 gjekk omsetninga for hotella opp med 13 prosent, frå 677 millionar til 764 millionar, medan prisen per rom auka med 0,6 prosent, frå 870 til 875 kroner.
Nedgang for camping
Frå april i fjor til april i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 6 prosent, frå 373 000 til 350 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk ned med 8 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk opp med 16 prosent frå april 2009.
Færre hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar fall frå 129 000 til 124 000, ein nedgang på 4 prosent samanlikna med april 2009. Det var 9 500 færre norske og 4 500 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i april i år samanlikna med april i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. April. 2009 og 2010
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - april og april. 2009 og 2010
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. April. 2009 og 2010
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-april. 2009 og 2010
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-april og april 2010
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. April. 2009 og 2010
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-april. 2009 og 2010
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2010
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2010
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. April 2010
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-april 2010
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2010
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2010
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2010
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. April 2010
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-april 2010
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54