Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
I mai i år var det 1,33 millionar overnattingar ved norske hotell. Samanlikna med mai i fjor er talet tilnærma uendra. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 3 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk opp med 9 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene viste ein oppgang i talet på overnattingar i mai 2010. Unntaket er Sverige. Talet på overnattingar av svenskar fall med 14 prosent i høve til tilsvarande månad i fjor. Størst oppgang hadde Tyskland med ein auke på 7 prosent, eller 3 000 fleire overnattingar.
Ferieovernattingar gjekk opp med 6 prosent samanlikna med same månad i fjor. Kurs- og konferanseovernattingar var om lag uendra, medan yrkesovernattingar gjekk ned med 5 prosent frå 613 000 til 582 000 overnattingar.
Omsetningsauke og oppgang i prisen per rom
Sett i høve til mai 2009 gjekk omsetninga for hotella opp med 1 prosent, frå 844 millionar til 851 millionar, medan prisen per rom auka frå 884 til 888 kroner.
Oppgang for camping
Frå mai i fjor til mai i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 1 prosent, frå 715 000 til 724 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk ned med 1 prosent, medan talet på utanlandske campingovernattingar gjekk opp med heile 16 prosent frå mai 2009.
Stadig færre hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar fall frå 87 000 til 83 000 overnattingar, ein nedgang på 5 prosent i høve til mai 2009. Det var 4 000 færre norske overnattingar, medan utanlandske hyttegrendovernattingar låg på 41 000 både i mai i år og eitt år tidlegare.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mai. 2009 og 2010
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-mai og mai. 2009 og 2010
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mai. 2009 og 2010
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-mai. 2009 og 2010
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-mai og mai 2010
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mai. 2009 og 2010
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-mai. 2009 og 2010
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2010
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2010
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2010
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mai 2010
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2010
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2010
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2010
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai 2010
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mai 2010
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54