Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
I juli i år var det 2,43 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er ein oppgang på 2 prosent samanlikna med juli i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 1 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk opp 8 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene synte ein auke når det gjeld talet på overnattingar i Noreg i juli 2010. Unntaket er Storbritannia. Talet på britiske overnattingar i Noreg fall i juli med 1 prosent samanlikna med den tilsvarande månaden i fjor. Størst oppgang hadde hotellgjestar frå USA med ein auke på 32 prosent, eller 14 000 fleire overnattingar.
Omsetningsauke trass i nedgang i prisen per rom
Samanlikna med juli 2009 gjekk omsetninga for hotella i juli 2010 opp med 1 prosent,, frå 973 millionar til 980 millionar. Samstundes fall prisen per rom med 2 prosent, frå 778 til 762 kroner.
Nedgang for camping
Frå juli i fjor til juli i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 5 prosent, frå 2,75 millionar til 2,61 millionar overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk ned med 7 prosent, medan talet på utanlandske campingovernattingar gjekk tilbake med 1 prosent frå juli 2009.
Færre hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar fall frå 213 000 til 208 000 overnattingar, som tilsvarar ein nedgang på 2 prosent samanlikna med juli 2009. Det var 8 000 færre norske, men 3 000 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i juli i år samanlikna med same månaden i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juli. 2009 og 2010
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juli og juli. 2009 og 2010
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juli. 2009 og 2010
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-juli. 2009 og 2010
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-juli og juli 2010
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juli. 2009 og 2010
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-juli. 2009 og 2010
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2010
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2010
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2010
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juli 2010
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2010
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2010
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2010
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juli 2010
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juli 2010
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54