Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
8 prosent fleire hotellovernattingar
I august i år var det 2,19 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er ein oppgang på 8 prosent samanlikna med august i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar synte ein auke på høvesvis 7 prosent og 10 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i august 2010, med unntak av Storbritannia. Talet på britiske overnattingar fall med 12 prosent samanlikna med den tilsvarande perioden i fjor. Størst oppgang hadde USA med ein auke på 40 prosent, eller 16 000 fleire overnattingar.
Omsetningsauke og oppgang i prisen per rom
Samanlikna med august 2009 gjekk omsetninga for hotella opp med 12 prosent, frå 1,02 millionar til 1,14 millionar, medan prisen per rom auka med 3 prosent, frå 823 til 849 kroner.
Nedgang for camping
Frå august i fjor til august i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 0,3 prosent. Norske campingovernattingar gjekk ned med 1 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk opp med 1 prosent frå august 2009.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 155 000 til 168 000 overnattingar, ein oppgang på 9 prosent samanlikna med august 2009. Det var 1 500 fleire norske og 12 000 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i august i år enn i august i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. August. 2009 og 2010
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - august og august. 2009 og 2010
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. August. 2009 og 2010
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - august. 2009 og 2010
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - august og august 2010
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. August. 2009 og 2010
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - august. 2009 og 2010
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2010
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - august 2010
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. August 2010
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-august 2010
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2010
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2010
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - august 2010
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. August 2010
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-august 2010
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54