Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
I september i år var det 1,63 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er ein oppgang på 7 prosent samanlikna med september i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med høvesvis 5 prosent og 12 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i september 2010.Unntaket var Storbritannia. Talet på gjestedøgn som britane stod for, fall med 3 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Størst oppgang sørgde gjestar frå USA for med ein auke på 39 prosent, eller 10 000 fleire overnattingar.
Omsetningsauke og oppgang i prisen per rom
Samanlikna med september 2009 gjekk omsetninga for hotella opp med 9 prosent, frå 983 millionar til 1 070 millionar. Prisen per rom auka i den same perioden frå 875 til 878 kroner.
Fleire utanlandske campingovernattingar
Frå september i fjor til september i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 1 prosent. Det var like fullt ein reduksjon på 2 prosent for norske campingovernattingar, medan utanlandske campingovernattingar gjekk opp med heile 12 prosent i denne perioden.
Fleire norske hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar gjekk opp frå 88 000 til 96 000 overnattingar, det vil seie ein oppgang på 9 prosent samanlikna med september 2009. Det var 15 000 fleire norske og 7 000 færre utanlandske overnattingar i hyttegrender i september i år samanlikna med september i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. September. 2009 og 2010
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-september og september. 2009 og 2010
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. September. 2009 og 2010
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-september. 2009 og 2010
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-september og september 2010
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. September. 2009 og 2010
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - september. 2009 og 2010
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2010
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - september 2010
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. September 2010
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-september 2010
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2010
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2010
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - september 2010
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. September 2010
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-september 2010
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54