Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten auke for hotella
Det var 1,39 millionar overnattingar ved norske hotell i oktober 2010. Dette er ein oppgang på 2 prosent samanlikna med same månad i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp, med høvesvis 2 og 4 prosent.
Tyskland gjekk mest opp i talet på overnattingar av dei store utanlandske marknadene, med 3 prosent i oktober 2010. Også Italia hadde ein solid auke med 3 000 fleire overnattingar. Storbritannia fall med heile 13 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.
Omsetningsauke og om lag same pris per rom
Omsetninga for hotella gjekk opp med 2 prosent, frå 869 millionar1 til 886 millionar, samanlikna med oktober 2009. Prisen per rom auka frå 856 til 857 kroner.
Færre norske campingovernattingar
Talet på campingovernattingar gjekk ned med 3,5 prosent frå oktober i fjor til oktober i år. Norske campingovernattingar gjekk ned med 5 prosent, medan dei utanlandske gjekk opp med heile 12 prosent frå oktober 2009.
Fleire norske overnattingar på hyttegrend
Talet på overnattingar på hyttegrend gjekk opp frå 61 000 til 65 000 overnattingar. Dette er ein oppgang på 7 prosent samanlikna med oktober 2009. Det var 6 000 fleire norske og 1 000 færre utanlandske overnattingar på hyttegrender i oktober i år samanlikna med same månad i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Oktober. 2009 og 2010
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-oktober og oktober. 2009 og 2010
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Oktober. 2009 og 2010
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - oktober. 2009 og 2010
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-oktober og oktober 2010
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Oktober. 2009 og 2010
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-oktober. 2009 og 2010
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2010
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2010
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Oktober 2010
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-oktober 2010
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2010
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2010
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2010
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Oktober 2010
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-oktober 2010
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54