Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
I november 2010 var det 1,33 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 6 prosent samanlikna med november 2009. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp, med høvesvis 6 og 12 prosent.
Av dei store utanlandske marknadene auka Sverige mest i talet på overnattingar, med 19 prosent, eller 6 000 fleire overnattingar, i november 2010. Storbritannia fall med 5 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.
Omsetningsauke - men billegare rom
Samanlikna med november 2009 gjekk omsetninga for hotella opp med 6 prosent, frå 865 millionar til 918 millionar, medan prisen per rom gjekk ned frå 880 til 873 kroner.
Fleire utanlandske campingovernattingar
Frå november i fjor til november i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 4 prosent. Norske campingovernattingar gjekk ned med 1 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk opp med heile 61 prosent frå november 2009.
Hyttegrendovernattingar om lag uendra
Talet på hyttegrendovernattingar var om lag uendra både for norske og utanlandske overnattingar i november 2010 i forhold til november 2009.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. November. 2009 og 2010
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - november og november. 2009 og 2010
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. November. 2009 og 2010
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - november. 2009 og 2010
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - november og november 2010
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. November. 2009 og 2010
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - november. 2009 og 2010
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2010
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - november 2010
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. November 2010
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar - november 2010
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2010
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2010
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2010
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - november 2010
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. November 2010
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar - november 2010
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54