Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
I april i år var det 1,3 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er om lag det same som i april i fjor.
Samanlikna med 2011 gjekk omsetninga for hotella opp 6 prosent i april 2012, frå 728 millionar til 772 millionar kroner. Prisen per rom steig i same periode frå 849 til 866 kroner.
Oppgang i utanlandske hotellovernattingar
I april i år gjekk norske hotellovernattingar ned med 2 prosent, medan utanlandske auka med 6 prosent samanlikna med i fjor. Kurs- og konferanseovernattingar samt yrkesovernattingar gjekk opp høvesvis 1 og 6 prosent i same periode. Ferie- og fritidsovernattingar fall med 6 prosent.
Med unntak av Tyskland, som gjekk ned 6 prosent, auka fleire av dei utanlandske overnattingane. Størst auke hadde Sverige med 14 000 fleire overnattingar.
Færre campingovernattingar
Frå april 2011 til april 2012 gjekk talet på campingovernattingar ned med 7 prosent, frå 367 000 til 342 000 overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk ned høvesvis 7 og 2 prosent.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på overnattingar på hyttegrend gjekk opp frå 94 000 til 106 000. Det er ein oppgang på 12 prosent samanlikna med april 2011. Det var 8 900 fleire norske og 2 300 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i 2012 samanlikna med 2011.
Totalt sett færre overnattingar i april
Det var totalt sett 1,72 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i april 2012. Dette er ein nedgang på 1 prosent samanlikna med 2011. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 2 prosent, frå 1,44 millionar til 1,40 millionar overnattingar. Utanlandske overnattingar auka i same periode med 5 prosent.
Auke i talet på overnattingar hittil i år
I perioden januar-april 2012 var det 7,1 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med same periode i 2011. Hotell- og andre overnattingsbedrifter gjekk opp frå 5,4 millionar til 5,6 millionar overnattingar. Campingplassar og norske vandrarheimar steig høvesvis 6 og 3 prosent, medan hyttegrender fall i talet på overnattingar med 4 prosent.
Akkumulerte talSjå Statistikkbanken for samanlikningar mellom månadane hittil i år og tidlegare periodar. Ettersom det finst fleire flyttbare heilagdagar i Noreg vil det vere naturleg å samanlikne fleire månader under eit, for å unngå denne feilkjelda. Tal for hittil i år finn ein i tabell: 08401, 08402, 08403, 08404, 08405, 08406 og 08407. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. April. 2011 og 2012
- Tabell 2 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. April. 2011 og 2012
- Tabell 3 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. April. 2011 og 2012
- Tabell 4 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Losjiomsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. April 2012
- Tabell 5 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. April. 2011 og 2012
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2012
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke.April 2012
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. April 2012
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2012
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. April 2012
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. April 2012
- Tabell 12 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-April 2012
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54