Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre norske hotellovernattingar
Det 1,5 millionar overnattingar ved norske hotell i mai 2012. Dette er om lag det same talet som mai i fjor.
Omsetninga for hotella gjekk ned med 6 prosent, frå 1 035 millionar kroner til 974 millionar kroner, samanlikna med mai 2011. Prisen per rom fall frå 917 til 888 kroner i den same perioden.
Oppgang i utanlandske hotellovernattingar
I mai 2012 gjekk norske hotellovernattingar ned med 2 prosent, medan utanlandske hotellovernattingar auka med 9 prosent frå mai året før. Ferie- og fritids- og yrkesovernattingar gjekk opp med høvesvis 11 og 1 prosent i den same perioden, medan kurs- og konferanseovernattingar gjekk ned med 23 prosent.
Alle dei største utanlandske marknadene gjekk opp i talet på hotellovernattingar. Størst auke hadde Sverige med 19 000 fleire overnattingar.
Fleire campingovernattingar
Frå mai 2011 til mai 2012 gjekk talet på campingovernattingar opp med 3 prosent, frå 696 000 til 720 000 overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk opp med høvesvis 2 og 9 prosent.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på overnattingar på hyttegrend gjekk opp med 20 prosent, til 100 000 overnattingar, frå mai 2011 til mai 2012. Det var 9 100 fleire norske og 7 500 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i den same perioden.
Totalt sett fleire overnattingar i mai
I mai 2012 var det 2,35 millionar overnattingar ved alle norske overnattingstader. Dette er ein oppgang på 2 prosent i høve til den same månaden året før. I mai 2012 var talet på norske overnattingar omlag det same som i mai 2011. Utanlandske overnattingar gjekk derimot opp med 9 prosent.
Auke i talet på overnattingar hittil i år
I perioden januar-mai 2012 var det 9,48 millionar overnattingar ved alle norske overnattingstader. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med den same perioden i 2011. Hotell- og andre overnattingsbedrifter gjekk opp frå 6,9 millionar overnattingar i mai 2011 til 7,1 millionar overnattingar i mai 2012. Campingplassar steig med 5 prosent, medan hyttegrender og norske vandrarheimar hadde ein nedgang på 1 prosent i talet på overnattingar.
Akkumulerte tallSjå Statistikkbanken for samanlikningar mellom månadane hittil i år og tidlegare periodar. Ettersom det finst fleire flyttbare heilagdagar i Noreg, vil det vere naturleg å samanlikne fleire månader under eitt for å unngå denne feilkjelda. Tal for hittil i år fins i tabellane 08401, 08402, 08403, 08404, 08405, 08406 og 08407. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mai. 2011 og 2012
- Tabell 2 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. Mai. 2011 og 2012
- Tabell 3 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mai. 2011 og 2012
- Tabell 4 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Losjiomsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Mai 2012
- Tabell 5 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mai. 2011 og 2012
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2012
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke.Mai 2012
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2012
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2012
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Mai 2012
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai 2012
- Tabell 12 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-Mai 2012
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54