Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig færre utanlandske hotellovernattingar
Fleire av dei største utanlandske marknadene gjekk ned i talet på hotellovernattingar i august 2012. Unntaka var våre svenske naboar og Storbritannia, som hadde høvesvis 12 og 10 prosent fleire hotellovernattingar enn i august 2011.
I august i år var det 2,27 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 0,3 prosent samanlikna med august i fjor. Talet på norske hotellovernattingar steig med 3 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned 6 prosent i same periode.
Samanlikna med august 2011 gjekk losjiomsetninga for hotella opp 4 prosent, frå 1 181 millionar til 1 232 millionar kroner. Oppnådd pris per rom steig i same periode frå 830 kroner til 847 kroner.
Yrkesovernattingar samt kurs- og konferanseovernattingar steig med høvesvis 4 og 3 prosent, medan ferie- og fritidsovernattingar i same periode gjekk ned 3 prosent.
Færre utanlandske campingovernattingar
Frå august 2011 til august 2012 gjekk talet på campingovernattingar ned 1 prosent, frå 1,52 millionar til 1,51 millionar overnattingar. Norske campingovernattingar steig med 3 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med heile 8 prosent.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på overnattingar på hyttegrend gjekk opp med 7,5 prosent til 185 000 overnattingar, samanlikna med august 2011. Både norske og utanlandske hyttegrendovernattingar gjekk opp høvesvis 12 og 3 prosent.
Totalt sett færre overnattingar i august
I august 2012 var det totalt sett 4,02 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein nedgang på 11 000 overnattingar i høve til same månad året før. Norske overnattingar gjekk opp 3 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 6 prosent.
Auke i talet på overnattingar hittil i år
I perioden januar-august 2012 var det 22,5 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein auke på 1,2 prosent samanlikna med same periode i 2011. Hotell og andre overnattingsbedrifter gjekk opp frå 13,7 millionar til 14 millionar overnattingar. Campingplassane hadde 67 000 færre overnattingar hittil i år. Hyttegrender steig med 3,5 prosent, medan norske vandrarheimar har hatt 3,6 prosent færre overnattingar enn på same tid i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. August. 2011 og 2012
- Tabell 2 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. August. 2011 og 2012
- Tabell 3 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. August. 2011 og 2012
- Tabell 4 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Losjiomsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. August 2012
- Tabell 5 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. August. 2011 og 2012
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2012
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. August 2012
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. August 2012
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2012
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. August 2012
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. August 2012
- Tabell 12 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-august 2012
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54