54310_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
54310
God start for hotella
statistikk
2011-03-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjanuar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

God start for hotella

Det var 1,15 millionar overnattingar ved norske hotell og andre overnattingsverksemder i januar 2011, opp 6 prosent frå januar i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk opp 7 prosent, dei utanlandske 1 prosent.

Av dei store utanlandske marknadene auka Sverige og Tyskland talet på overnattingar med 9 prosent samanlikna med januar 2010, medan den danske marknaden fall med 7 prosent i same periode. Også talet på overnattingar frå Storbritannia gjekk ned. Talet på yrkesovernattingar og ferie- og fritidsovernattingar steig med 6 prosent samanlikna med same månad i fjor. Kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med 5 prosent, frå 193 000 til 202 000 overnattingar.

Omsetningsauke og oppgang i pris per rom

Omsetninga for hotella gjekk opp med 10 prosent samanlikna med januar 2010, frå 655 millionar til 722 millionar. Prisen per rom gjekk opp frå 847 til 859 kroner.

Fleire campingovernattingar

Talet på campingovernattingar gjekk opp med 2 prosent frå januar i fjor til januar i år, frå 155 000 til 157 000 overnattingar. Norske overnattingar gjekk ned med 1 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk opp med heile 27 prosent.

12 prosent færre hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar i januar 2011 gjekk ned med 17 000 overnattingar samanlikna med januar 2010. Både norske og utanlandske hyttegrendovernattingar fall med høvesvis 8 og 14 prosent. Den danske og svenske marknaden gjekk mest ned, med høvesvis 18 og 29 prosent.

Tabeller: