Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
4 prosent fleire hotellovernattingar
I februar i år var det 1,39 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 4 prosent samanlikna med februar i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 6 prosent1, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med 4 prosent1.
Dei store utanlandske marknadene gjekk tilbake i februar 2011. Størst nedgang hadde Nederland og Danmark, med høvesvis 19 og 12 prosent. Unntaket var Tyskland, som hadde ein auke på 1 prosent.
Yrkes- og ferieovernattingar gjekk opp med høvesvis 8 og 2 prosent samanlikna med same månad i fjor, medan kurs og konferanseovernattingar var om lag uendra.
Omsetnings- og prisauke
Samanlikna med februar 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med over 9 prosent, frå 761 millionar til 833 millionar, medan prisen per rom gjekk opp med 2 prosent, frå 866 til 885 kroner.
Nedgang i campingovernattingar
Frå februar i fjor til februar i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 16 prosent, frå 207 000 til 174 000 overnattingar.
Nedgang i norske hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar gjekk ned frå 173 000 til 167 000 overnattingar, ein reduksjon på 4 prosent samanlikna med februar 2010. Det var 16 000 færre norske og 10 000 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i februar i år samanlikna med februar i fjor.
1 | Tallene ble rettet 1. april 2011 kl 11.25 |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Februar. 2010 og 2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - februar og februar. 2010 og 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Februar. 2010 og 2011
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - februar. 2010 og 2011
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-februar og februar 2011
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Februar. 2010 og 2011
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - februar. 2010 og 2011
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2011
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2011
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Februar 2011
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-februar 2011
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2011
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2011
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - februar 2011
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Februar 2011
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-februar 2011
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54