54314_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
54314
Fleire hotellovernattingar
statistikk
2011-05-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmars 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar

I mars i år var det 1,58 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 9 prosent samanlikna med mars i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp, med høvesvis 10 og 4 prosent.

Fleire av dei store utanlandske marknadene auka i mars 2011. Unntaka var Danmark og Tyskland som fall, med høvesvis 5 og 8 prosent, samanlikna med mars i fjor. Størst oppgang hadde Sverige, med ein auke på 17 prosent, eller 10 000 fleire overnattingar.

Yrkesovernattingar auka med heile 18 prosent samanlikna med same månad i fjor, medan kurs- og konferanse-, og ferieovernattingar i same periode hadde ein meir moderat auke, med høvesvis 7 og 1 prosent.

Omsetningsauke og oppgang i prisen per rom

Samanlikna med mars 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med 18 prosent, frå 869 millionar til 1 023 millionar, medan prisen per rom gjekk opp med 3 prosent frå 880 til 903 kroner.

Nedgang i norske campingovernattingar

Frå mars i fjor til mars i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 27 prosent, frå 283 000 til 205 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk ned med 31 prosent, medan utanlandske campingovernattingar auka med 13 prosent frå mars 2010.

66 000 færre hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar gjekk ned frå 209 000 til 143 000 overnattingar, ein nedgang på 31 prosent samanlikna med mars 2010. Det var 34 000 færre norske og 32 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i mars i år samanlikna med mars i fjor.

Tabeller: