Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
14 prosent fleire norske hotellovernattingar
Det var 1,49 millionar overnattingar ved norske hotell i mai i år, ein oppgang på 12 prosent samanlikna med mai i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp, med høvesvis 14 og 5 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i mai 2011, med unntak av Tyskland som fall med 7 prosent. Både USA og Japan gjekk opp med høvesvis 20 og 22 prosent.
Kurs og konferanse- og yrkesovernattingar auka med høvesvis 23 og 14 prosent. Ferieovernattingar gjekk opp med 6 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Omsetningsauke og oppgang i prisen per rom
Samanlikna med mai 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med 22 prosent, frå 851 millionar til 1 035 millionar. Prisen per rom auka med 3 prosent, frå 888 til 917 kroner.
Nedgang i norske campinggjestar
Talet på campingovernattingar gjekk ned med 4 prosent , frå 724 000 til 696 000 overnattingar, frå mai i fjor til mai i år. Norske campingovernattingar gjekk ned med 2 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med heile 14 prosent.
Hyttegrendovernattingar om lag uendra
Talet på hyttegrendovernattingar var om lag uendra. Det var 83 000 hyttegrendovernattingar både i mai 2010 og mai 2011. Det var 2 000 fleire norske og 1 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i mai i år samanlikna med mai i fjor.
Akkumulerte tallSe statistikkbanken for samanlikningar mellom månadane hittil i år og tidligare periodar. Ettersom det finnes fleire flyttbare heilagdagar i Noreg vil det være naturleg å samanlikna fleire månader under eit, for å unngå denne feilkjelda. Tall for hittil i år finner en i tabell: 08401, 08402, 08403, 08404, 08405, 08406 og 08407. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mai. 2010 og 2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Mai. 2010 og 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mai. 2010 og 2011
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Mai 2011
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mai. 2010 og 2011
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2011
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2011
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2011
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai 2011
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54