54320_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
54320
Fleire utanlandske hotellovernattingar
statistikk
2011-08-05T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuni 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire utanlandske hotellovernattingar

Både i juni i år og i fjor var det 2,01 millionar overnattingar ved norske hotell. Norske overnattingar var om lag uendra medan utanlandske overnattingar gjekk opp med 1 prosent.

Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk ned i talet på overnattingar i juni 2011, med unntak av mellom anna Sverige og USA, som gjekk opp med høvesvis 3 og 9 prosent.

Kurs og konferanse- og yrkesovernattingar fall, med høvesvis 23 og 5 prosent. Ferieovernattingar gjekk opp med 10 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Nedgang i omsetning og pris per rom

Samanlikna med juni 2010 gjekk omsetninga for hotella ned med 5 prosent, frå 1 209 millionar til 1 145 millionar kroner, og prisen per rom gjekk ned med 3 prosent, frå 888 til 859 kroner.

Norske campingovernattingar auka

Frå juni i fjor til juni i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 5 prosent, frå 1,36 millionar til 1,43 millionar overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 7 prosent, medan utanlandske campingovernattingar var om lag uendra frå juni 2010.

Fleire norske hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar hadde ein liten auke på 1 prosent i juni 2011 i høve til juni 2010. Det var 6 000 fleire norske, men 5 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i juni i år samanlikna med juni i fjor.

Akkumulerte tall

Se Statistikkbanken for samanlikningar mellom månadane hittil i år og tidligare periodar. Ettersom det finst fleire flyttbare heilagdagar i Noreg vil det være naturleg å samanlikna fleire månader under eit, for å unngå denne feilkjelda.

Tal for hittil i år finst i desse tabellane i Statistikkbanken: 08401 , 08402 , 08403 , 08404 , 08405 , 08406 og 08407 .

Tabeller: