Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
5 prosent fleire hotellovernattingar
I juli i år var det 2,55 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 5 prosent samanlikna med juli i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med 5 prosent.
Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk ned i talet på overnattingar i juli 2011, med unntak av Storbritannia og USA, som auka talet på overnattingar med høvesvis 1 og 11 prosent.
Yrkes- og ferieovernattingar gjekk opp med høvesvis 4 og 6 prosent. Kurs og konferanseovernattingar fall med 10 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Oppgang i omsetning og pris per rom
Samanlikna med juli 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med 6 prosent, frå 980 millionar til 1 042 millionar. Prisen per rom auka frå 762 til 765 kroner.
Nedgang i norske campingovernattingar
Frå juli i fjor til juli i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 3 prosent, frå 2,61 millionar til 2,52 millionar overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar fall med høvesvis 3 og 5 prosent.
Fleire norske hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar steig med 11 prosent i juli 2011 i høve til juli 2010. Det var 26 500 fleire norske og 3 600 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i juli i år samanlikna med juli i fjor.
Auke i talet på overnattingar hittil i år
I perioden januar-juli 2011 var det 18,2 millionar overnattingar ved norske overnattingsstadar. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med same periode i 2010. Hotell og andre overnattingsbedrifter sto for oppgangen, frå 10,8 til 11,4 millionar overnattingar. Campingplassar og hyttegrender hadde ein nedgong i talet på overnattingar, på høvesvis 2 og 9 prosent.
Talet på norske overnattingar har stige med 3 prosent hittil i år, frå 12,7 til 13 millionar overnattingar. Utanlandske overnattingar gjekk ned med 1 prosent frå januar til juli 2010 samanlikna med same periode 2011.
Akkumulerte tallSe Statistikkbanken for samanlikningar mellom månadane hittil i år og tidligare periodar. Ettersom det finst fleire flyttbare heilagdagar i Noreg vil det være naturleg å samanlikna fleire månader under eit, for å unngå denne feilkjelda. Tal for hittil i år finst i desse tabellane i Statistikkbanken: 08401 , 08402 , 08403 , 08404 , 08405 , 08406 og 08407 . |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juli. 2010 og 2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Juli. 2010 og 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juli. 2010 og 2011
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Juli 2011
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juli. 2010 og 2011
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2011
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2011
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2011
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juli 2011
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54