54324_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
54324
4 prosent fleire hotellovernattingar
statistikk
2011-09-30T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaraugust 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 prosent fleire hotellovernattingar

Det var 2,27 millionar overnattingar ved norske hotell i august i år. Det er ein auke på 4 prosent samanlikna med same månad i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med 4 prosent.

Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i august 2011, med unntak av Danmark og Nederland som gjekk ned med høvesvis 5 og 2 prosent.

Kurs og konferanseovernattingar gjekk opp 2 prosent samanlikna med same månad i fjor, og yrkes- og ferieovernattingar gjekk opp med høvesvis 3 og 5 prosent.

Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-august. 2010 og 2011

Alle overnattingsbedrifter, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-august. 2010 og 2011

Oppgang i omsetning og nedgang i rompris

Samanlikna med august 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med 3 prosent, frå 1,14 milliardar1 til 1,18 milliardar1. Prisen per rom fall frå 849 til 830 kroner.

Stadig færre campingovernattingar

Talet på campingovernattingar gjekk ned med 4 prosent frå august i fjor til august i år, frå 1,58 millionar til 1,52 millionar overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar fall med høvesvis 3 og 5 prosent.

Fleire norske hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar steig med 3 prosent i august 2011 i høve til august 2010. Det var 11 500 fleire norske og 7 200 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i august i år samanlikna med august i fjor.

Auke i talet på overnattingar hittil i år

I perioden januar til august 2011 var det 22,2 millionar overnattingar ved norske overnattingsstadar. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med same periode i 2010. Hotell- og andre overnattingsbedrifter gjekk opp, frå 13 til 13,7 millionar overnattingar. Campingplassar og hyttegrender hadde ein nedgong i talet på overnattingar, på høvesvis 2 og 7 prosent.

Talet på norske overnattingar steig med 3 prosent hittil i år, frå 15,2 til 15,6 millionar overnattingar. Utanlandske overnattingar gjekk ned med 1 prosent frå januar til august 2010 samanlikna med same periode 2011.

1  Retta frå "millionar" til "milliardar" 30. september 2011 kl. 11.05

Tabeller: