Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig fleire hotellovernattingar
I september i år var det 1,68 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 3 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Samanlikna med september 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med 2 prosent, frå 1,07 milliardar til 1,09 milliardar. Prisen per rom steig frå 878 til 881 kroner.
Fleire overnattingar
I september i år gjekk både norske og utanlandske overnattingar opp med høvesvis 3 og 2 prosent, samanlikna med september i fjor. Yrkes- og ferieovernattingar gjekk opp med høvesvis 2 og 6 prosent i same periode, medan kurs og konferanseovernattingar fall med 2 prosent.1
Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i september 2011, med unntak av Danmark og Nederland som minska.
Færre utanlandske campingovernattingar
Frå september i fjor til september i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 3 prosent, frå 448 000 til 435 000 overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk ned med høvesvis 1 og 12 prosent.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar steig med 6 prosent i september 2011 i høve til september 2010. Det var 4 200 fleire norske og 1 300 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i september i år samanlikna med september i fjor.
Auke i talet på overnattingar hittil i år
I perioden januar til september 2011 var det 24,4 millionar overnattingar ved norske overnattingsstadar. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med same periode i 2010. Hotell- og andre overnattingsbedrifter gjekk opp, frå 14,7 til 15,4 millionar overnattingar. Campingplassar og hyttegrender hadde ein nedgang i talet på overnattingar, på høvesvis 3 og 6 prosent.
Talet på norske overnattingar hittil i år steig med 3 prosent, frå 16,9 til 17,3 millionar overnattingar. Utanlandske overnattingar gjekk ned med 1 prosent frå januar til september 2010 samanlikna med same periode 2011.
Akkumulerte talSe Statistikkbanken for samanlikningar mellom månadane hittil i år og tidlegare periodar. Ettersom det finst fleire flyttbare heilagdagar i Noreg, vil det vere naturleg å samanlikna fleire månader under eitt for å unngå denne feilkjelda. Tal for hittil i år finst i desse tabellane i Statistikkbanken: 08401 , 08402 , 08403 , 08404 , 08405 , 08406 og 08407 . |
1 | Setningen ble rettet 28. oktober 2011 kl. 1352. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. September. 2010 og 2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. September. 2010 og 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. September. 2010 og 2011
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. September. 2011
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. September. 2010 og 2011
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2011
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. September 2011
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2011
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. September 2011
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54