Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Hotellovernattingar opp 4 prosent
I november 2011 var det 1,39 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er ein auke på 4 prosent samanlikna med same månad i 2010.
Samanlikna med november 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med 10,5 prosent, frå 918 millionar til 1,02 milliardar. Prisen per rom steig frå 873 til 916 kroner.
Fleire overnattingar
I november 2011 gjekk både norske og utanlandske overnattingar opp med høvesvis 5 og 3 prosent, samanlikna med november året før. Kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk opp med høvesvis 12 og 4 prosent i same periode, medan talet for ferie og fritidsovernattingar var om lag uendra.
Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i november 2011, med unntak av Tyskland som minska.
Fleire norske campingovernattingar
Frå november 2010 til november 2011 gjekk talet på campingovernattingar opp med 3 prosent, frå 182 000 til 188 000 overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 6 prosent i november 2011, medan utanlandske campingovernattingar fall med heile 11 prosent i same periode.
Færre hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar gjekk ned med 14 prosent i november 2011 i høve til november 2010. Det var 6 000 norske og 2 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i november 2011 samanlikna med same månad året før.
Auke i talet på overnattingar i 2011
I perioden januar til november 2011 var det 27,8 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med same periode i 2010. Hotell- og andre overnattingsbedrifter gjekk opp frå 17,4 til 18,2 millionar overnattingar. Campingplassar og hyttegrender hadde ein nedgang i talet på overnattingar, på høvesvis 2 og 6 prosent.
Talet på norske overnattingar steig med 3 prosent i perioden januar til november 2011, frå 19,7 millionar overnattingar i 2010 til 20,2 millionar overnattingar i 2011. Utanlandske overnattingar gjekk ned med 0,5 prosent frå januar til november 2010 samanlikna med same periode 2011.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. November. 2010 og 2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. November. 2010 og 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. November. 2010 og 2011
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. November. 2011
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. November. 2010 og 2011
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2011
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. November 2011
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2011
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. November 2011
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54