Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Rekordår for hotellnæringa
I 2011 var det 19,2 millionar overnattingar ved norske hotell. Det svarer til ein auke på 4 prosent samanlikna med året før.
Samanlikna med 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med 7 prosent i 2011, frå 10,7 milliardar til 11,4 milliardar. Prisen per rom steig frå 859 til 866 kroner.
Stor oppgang i hotellovernattingar
Både norske og utanlandske overnattingar gjekk i 2011 opp med 5 og 2 prosent, samanlikna med året før. Kurs- og konferanseovernattingar, samt yrkesovernattingar, gjekk opp med høvesvis 1 og 4 prosent i same periode, medan ferie- og fritidsovernattingar auka med 5 prosent.
Av dei største utanlandske marknadene gjekk talet på overnattingar opp for Sverige og Storbritannia, for Tyskland og Danmark minka dei.
Færre campingovernattingar
Talet på campingovernattingar gjekk ned med 2 prosent, frå 8,3 millionar til 8,1 millionar overnattingar, frå 2010 til 2011. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk ned med høvesvis 2 og 4 prosent.
Stor nedgang i utanlandske hyttegrendovernattingar
Når det gjeld talet på hyttegrendovernattingar, fall det med 6 prosent i 2011 i høve til 2010. Det var 18 000 færre norske og heile 82 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i 2011 samanlikna med 2010.
Liten auke i talet på overnattingar i desember
I desember 2011 var det 1,2 millionar overnattingar ved norske overnattingstader. Dette er ein auke på 0,4 prosent samanlikna med året før. Hoteller og andre overnattingsbedrifter gjekk opp, frå 969 000 til 990 000 overnattingar1. Campingplassar og hyttegrender hadde ein nedgang i talet på overnattingar, på høvesvis 4 og 13 prosent.
Totalt sett steig talet på norske overnattingar med 3 prosent i desember 2011, frå 963 000 til 989 000 overnattingar. Utanlandske overnattingar gjekk i same periode ned med 8 prosent.
1 Tall ble rettet 3. februar 2012 kl. 1355.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Desember. 2010 og 2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Desember. 2010 og 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Desember. 2010 og 2011
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Desember. 2011
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Desember. 2010 og 2011
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2011
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Desember 2011
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2011
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2011
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Desember 2011
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54