66107_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
66107
8 prosent fleire hotellovernattingar
statistikk
2012-03-08T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjanuar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

8 prosent fleire hotellovernattingar

I januar i år var det 1,25 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 8 prosent samanlikna med januar i fjor.

Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. Januar. 2011 og 2012

Alle overnattingsbedrifter, etter gjestane sin nasjonalitet. Januar 2011 og 2012

Samanlikna med januar 2011 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 14 prosent, frå 722 millionar kroner til 820 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom steig frå 859 til 887 kroner.

Stor oppgang i hotellovernattingar

I januar 2012 gjekk både norske og utanlandske overnattingar opp med høvesvis 7 og 14 prosent, samanlikna med januar 2011. Kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk opp med høvesvis 11 og 9 prosent, men også talet på ferie og fritidsovernattingar auka samanlikna med januar i fjor.

Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk opp i talet på overnattingar i januar 2012, med unntak av Tyskland som gjekk noko ned.

Fleire campingovernattingar

Frå januar i fjor til januar i år gjekk talet på campingovernattingar opp med 10 prosent, frå 157 000 til 173 000 overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk opp med høvesvis 11 og 6 prosent.

Færre hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar fall med 5 prosent i januar 2012. Det var 1 500 fleire norske og 7 600 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i januar i år samanlikna med januar i fjor.

Tabeller: