66109_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
66109
Stadig fleire hotellovernattingar
statistikk
2012-03-30T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarfebruar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire hotellovernattingar

I februar 2012 var det 1,5 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 7 prosent samanlikna med februar 2011.

Hotell og likande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Februar. 2011 og 2012

Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Februar. 2011 og 2012

Omsetninga for hotella gjekk opp med 9 prosent, frå 833 millionar kroner i februar 2011 til 905 millionar kroner i februar 2012. Prisen per rom steig frå 885 til 894 kroner i den same perioden.

Stor oppgang i hotellovernattingar

I 2012 gjekk norske og utanlandske hotellovernattingar opp med høvesvis 6 og 9 prosent, samanlikna med 2011. Yrkesovernattingar gjekk opp med 4 prosent, medan kurs- og konferanse- og ferie- og fritidsovernattingar gjekk begge opp med 9 prosent den same perioden.

I alle dei største utanlandske marknadene auka talet på hotellovernattingar.

Fleire campingovernattingar

Frå 2011 til 2012 gjekk talet på campingovernattingar opp med 23 prosent, frå 174 000 til 215 000 overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk opp med høvesvis 25 og 12 prosent.

Færre hyttegrendovernattingar

Talet på hyttegrendovernattingar fall med 16 prosent til 140 000 i 2012 i høve til 2011. Det var 9 300 færre norske, og 17 000 færre utanlandske, hyttegrendovernattingar i 2012 samanlikna med 2011.

Totalt sett fleire overnattingar i februar

I februar 2012 var det 1,9 millionar overnattingar ved alle norske overnattingstader. Dette er ein auke på 7 prosent samanlikna med 2011. Talet på norske overnattingar steig med 8 prosent, frå 1,28 millionar i februar 2011 til 1,38 millionar overnattingar februar 2012. Utanlandske overnattingar gjekk opp med 3 prosent i den same perioden.

Tabeller: