84857_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
84857
Fleire hotellovernattingar
statistikk
2012-05-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmars 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar

I mars 2012 var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 2 prosent samanlikna med året før.

Hotell og likande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Mars. 2011 og 2012

Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Mars. 2011 og 2012

Sett i samanheng med 2011 gjekk omsetninga for hotella opp 1 prosent, frå 1 023 millionar til 1 034 millionar kroner i mars 2012. Prisen per rom steig frå 903 til 904 kroner i same periode.

Oppgang i hotellovernattingar

Både norske og utanlandske hotellovernattingar gjekk opp høvesvis 1 og 5 prosent, samanlikna med 2011. Kurs- og konferanse- samt ferie- og fritidsovernattingar gjekk i same periode opp 8 og 2 prosent, medan yrkesovernattingar fall 0,5 prosent.

Fleire av dei største utanlandske marknadene gjekk opp i talet på hotellovernattingar, med unntak av Danmark og Tyskland som gjekk ned 3 og 2 prosent.

Fleire campingovernattingar

Frå mars 2011 til mars 2012 gjekk talet på campingovernattingar opp 10 prosent, frå 205 000 til 226 000 overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk opp høvesvis 11 og 3 prosent.

Færre utanlandske hyttegrendovernattingar

Talet på overnattingar i hyttegrend gjekk ned frå 143 000 til 142 000, ein nedgang på 0,5 prosent samanlikna med mars 2011. Det var 9 600 fleire norske og 10 400 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i 2012.

Totalt sett fleire overnattingar i mars

Det var til saman 2 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader i mars 2012. Det er ein auke på 3 prosent samanlikna med året før. Talet på norske overnattingar steig med 3 prosent, frå 1,5 millionar til 1,54 millionar overnattingar. Utanlandske overnattingar gjekk i same periode opp 2 prosent.

Tabeller: