90487_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
90487
Fleire hotellovernattingar
statistikk
2012-11-08T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarseptember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar

I september i år var det 1,75 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 4 prosent samanlikna med september i fjor. Talet på norske og utanlandske hotellovernattingar steig med høvesvis 3 og 10 prosent.

Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-september. 2011 og 2012

Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-september. 2011 og 2012

Fleire av dei største utanlandske marknadene gjekk opp i talet på hotellovernattingar i september i år. Unntaka var Tyskland og Spania, som hadde høvesvis 9 og 19 prosent færre hotellovernattingar enn i september i fjor.

Samanlikna med september 2011 gjekk losjiomsetninga for hotella opp med 6 prosent, frå 1 092 millionar kroner til 1 156 millionar kroner. Oppnådd pris per rom steig i same periode frå 881 kroner til 894 kroner.

Ferie- og fritidsovernattingar i tillegg til kurs- og konferanseovernattingar steig med høvesvis 2 og 3 prosent, medan yrkesovernattingar i same periode gjekk opp 7 prosent.

Fleire campingovernattingar

Frå september 2011 til september 2012 gjekk talet på campingovernattingar opp med 12 prosent, frå 435 000 til 501 000 overnattingar. Både norske og utanlandske campingovernattingar auka.

Fleire hyttegrendovernattingar

Norske og utanlandske hyttegrendovernattingar gjekk opp høvesvis 19 og 8 prosent samanlikna med september 2011, frå 102 000 til 117 000 overnattingar.

Totalt sett fleire overnattingar i september

I september 2012 var det 2,39 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein oppgang på 156 000 overnattingar i høve til same månad året før. Norske overnattingar gjekk i same periode opp med 6 prosent, medan utanlandske overnattingar steig 11 prosent.

Auke i talet på overnattingar hittil i år

I perioden januar-september 2012 var det 24,9 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein auke på 1,7 prosent samanlikna med same periode i 2011. Hotell og andre overnattingsbedrifter gjekk opp frå 15,4 millionar til 15,8 millionar overnattingar. Campingplassane hadde om lag det same talet på overnattingar som i fjor, med 7,5 millionar overnattingar. Hyttegrender steig med 4,5 prosent, medan norske vandrarheimar har hatt 2,1 prosent færre overnattingar det siste året.

Tabeller: