Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Enda ein god månad for hotella
I november 2012 var det 1,49 millionar overnattingar ved norske hotell, ein oppgang på 7 prosent samanlikna med november året før. Talet på norske og utanlandske hotellovernattingar steig med høvesvis 7 og 9 prosent.
Fleire av dei største utanlandske marknadene gjekk opp i talet på hotellovernattingar i november. Unntaket var Storbritannia som hadde 3 prosent færre hotellovernattingar enn i november 2011.
Samanlikna med november 2011 gjekk losjiomsetninga for hotella opp med 2,5 prosent, frå 1 015 millionar kroner til 1 041 millionar kroner. Oppnådd pris per rom fall i same perioden frå 916 til 913 kroner.
Talet på ferie- og fritidsovernattingar steig med heile 16 prosent. Både kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk i same perioden opp med 3 prosent.
Stor oppgang i norske campingovernattingar
Frå november 2011 til november 2012 gjekk talet på campingovernattingar i alt opp med 33 prosent, frå 167 000 til 228 000 overnattingar. Norske og utanlandske campingovernattingar auka med høvesvis 37 og 2 prosent.
Fleire norske hyttegrendovernattingar
Talet på norske hyttegrendovernattingar gjekk opp med 19 prosent, frå 36 000 til 43 000 overnattingar samanlikna med november 2011. Utanlandske hyttegrendovernattingar gjekk i same perioden ned med 21 prosent.
Totalt sett fleire overnattingar i november
I november 2012 var det 1,81 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein oppgang på 162 000 overnattingar i høve til same månad året før. Norske overnattingar gjekk i same perioden opp med 10 prosent, medan utanlandske overnattingar steig med 6 prosent.
Oppgang i talet på overnattingar hittil i år
I perioden januar-november 2012 var det 28,5 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader. Dette er ein oppgang på 2,5 prosent samanlikna med same perioden i 2011. Hotell- og andre overnattingsbedrifter gjekk opp frå 18,2 millionar til 18,8 millionar overnattingar. Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 1 prosent. Hyttegrendovernattingane steig med 5 prosent, medan norske vandrarheimar har hatt 2 prosent færre overnattingar det siste året.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. November. 2011 og 2012
- Tabell 2 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. November. 2011 og 2012
- Tabell 3 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. November. 2011 og 2012
- Tabell 4 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Losjiomsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. November 2012
- Tabell 5 Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. November. 2011 og 2012
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2012
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. November 2012
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke.November 2012
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2012
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. November 2012
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. November 2012
- Tabell 12 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-november 2012
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54