Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nær 20 millionar overnattingar på hotella
I 2012 var det 19,8 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 3 prosent samanlikna med 2011.
Samanlikna med 2011 gjekk omsetninga for hotella opp med 5 prosent, frå 11,4 milliardar til 11,9 milliardar kroner. Prisen per rom i 2011 og 2012 var 874 kroner 1 .
Stor oppgang i hotellovernattingar
I 2012 gjekk både norske og utanlandske overnattingar opp med 3,1 prosent 1 for begge, samanlikna med 2011. Yrkesovernattingar gjekk opp med 5 prosent, frå 7,3 millionar til 7,6 millionar overnattingar, medan kurs- og konferanseovernattingar og ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp 2 prosent.
Av dei største utanlandske marknadene gjekk talet på overnattingar opp for Sverige og Storbritannia, medan Tyskland og USA gjekk tilbake.
Fleire norske campingovernattingar
Frå 2011 til 2012 gjekk talet på campingovernattingar opp med 2 prosent, frå 8,1 millionar til 8,2 millionar overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk opp med 4 prosent, medan utanlandske campingovernattingar gjekk ned med 2,5 prosent.
Fleire hyttegrendovernattingar
Talet på hyttegrendovernattingar auka med 6 prosent i 2012 i høve til 2011. Det var 82 000 fleire norske og 6 000 fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i 2012 enn året før.
Stor auke i talet på overnattingar i desember
I desember 2012 var det 1,4 millionar overnattingar ved norske overnattingstader. Dette er ein auke på 11 prosent samanlikna med 2011. Overnattingar på hotell- og andre overnattingsbedrifter gjekk opp frå 990 000 til 1,04 millionar overnattingar. Både campingplassar og hyttegrender hadde ein oppgang i talet på overnattingar i desember, medan norske vandrarheimar gjekk ned med 7 prosent i same periode.
1 Tallet er rettet 5. februar 2013, kl. 13.50.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54