Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
3 000 færre hotellovernattingar
I januar i år var det 1,25 millionar overnattingar ved norske hotell, om lag det same som i januar i fjor.
Januar 2013 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norge | Utlandet | Januar 2013 | |
Overnattingar i alt | 1 573 409 | 1 188 077 | 385 332 | 1 573 409 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 1 248 629 | 976 095 | 272 534 | 1 248 629 |
Campingplassar | 132 617 | 117 174 | 15 443 | 132 617 |
Hyttegrender | 179 666 | 85 826 | 93 840 | 179 666 |
Norske Vandrerhjem | 12 497 | 8 982 | 3 515 | 12 497 |
Samanlikna med januar 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 0,3 prosent, frå 820 millionar kroner til 822 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom fall frå 887 til 881 kroner.
Liten nedgang i talet på hotellovernattingar
I januar 2013 gjekk norske hotellovernattingar ned med 3 000, samanlikna med januar 2012. Kurs- og konferanseovernattingar og ferie- og fritidsovernattingar gjekk ned med høvesvis 9 og 2 prosent. Yrkesovernattingar gjekk derimot opp med 4 prosent i denne perioden.
Fleire av dei store utanlandske marknadene viste ein nedgang i januar 2013. Unntaket var Danmark: Overnattingar med danske borgarar gjekk opp med 3 prosent.
133 000 campingovernattingar
Talet på campingovernattingar vart registrert til 133 000 i januar i år. Det var 117 000 norske overnattingar og 15 000 utanlandske på campingplassane.
Mange danskar overnatta i hyttegrend 1
Det vart registrert 180 000 overnattingar på hyttegrendene i januar 2013. Medan nordmenn stod for nær 90 prosent av overnattingane på campingplassane, er hyttegrendene dominert av utlendingar med danskar i spissen. 52 prosent av overnattingane var utanlandske, og 56 prosent av desse igjen stod danskane for.
1 Tallene i dette avsnittet ble rettet 6. mars 2013.
Brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken til SSB har gjennomgått ei stor omlegging. Dette gjer at tala for hyttegrender og campingplassar frå og med januar 2013 ikkje lenger er samanliknbare med tidlegare år. Omlegginga består av fleire ting. Bedrifts- og foretaksregisteret er saman med eigne undersøkingar i 2012 nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Tidlegare vart det nytta faste omrekningsfaktorar mellom gjestedøgn og einingsdøgn. No vert gjestedøgn innhenta direkte, eller dei vert rekna ut med basis i innrapporterte gjestedøgn frå andre overnattingsbedrifter. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er mogleg. Ein bør vise varsemd ved samanlikning av tala på mindre, regionale nivå.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54