92717_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
92717
Fleire hotellovernattingar i april
statistikk
2013-06-14T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarapril 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Enkelte tall for hyttegrender og campingplasser er blitt noe justert for perioden februar-juni. Oppdaterte tall er i Statistikkbanken.

Fleire hotellovernattingar i april

I april i år var det 1,47 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 17 prosent fleire enn i april i fjor.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
April 2013Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorgeUtlandetApril 2013
Overnattingar i alt1 944 5441 544 538399 8877 520 910
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 465 6101 174 149291 4615 684 856
Campingplassar303 059268 47534 465925 401
Hyttegrender156 51689 10367 413838 862
Norske Vandrerhjem19 35912 8116 54871 791
Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. April 2012 og 2013

Samanlikna med april 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 28 prosent, frå 772 millionar kroner til 991 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 866 kroner til 903 kroner.

Fleire utanlandske hotellovernattingar

Fleire av dei store utanlandske marknadene viste ein oppgang, og samla auka talet på dei utanlandske hotellovernattingane med 47 000, eller 19 prosent mellom april 2012 og april 2013. Det var 163 000, eller 16 prosent, fleire norske overnattingar enn i april i fjor.

Det er overnatting i samband med yrke som dominerer. Yrkesovernattingar stod for 45 prosent av overnattingane i april. Ferie- og fritidsovernattingar utgjorde 38 prosent, og overnattingar i samband med kurs og konferanse stod for 17 prosent den same månaden. Talet på ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 1 prosent, medan kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar steig med høvesvis 31 og 28 prosent.

303 000 campingovernattingar

Talet på campingovernattingar vart registrert til 303 000 i april i år. Det var 268 000 norske overnattingar og 34 000 utanlandske overnattingar på campingplassane.

Flest norske overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert 157 000 overnattingar på hyttegrendene i april 2013. Av dei var 57 prosent norske og 43 prosent utanlandske overnattingar. Utanlandske hyttegrendovernattingar var dominerte av svenskar som stod for 25 prosent.

13 400 overnattingar på Svalbard

Frå og med mars 2013 inngår tala for Svalbard i den ordinære statistikken. I april i år var det 13 400 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 19 prosent i høve til april 2012.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.