92719_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
92719
Fleire hotellovernattingar i mai
statistikk
2013-07-03T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmai 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Enkelte tall for hyttegrender og campingplasser er blitt noe justert for perioden februar-juni. Oppdaterte tall er i Statistikkbanken.

Fleire hotellovernattingar i mai

I mai i år var det 1,52 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 1 prosent fleire enn i mai i fjor.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
Mai 2013Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorgeUtlandetMai 2013
Overnattingar i alt2 278 9071 750 104528 8039 799 826
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 520 9771 138 794382 1837 205 833
Campingplassar595 171530 52864 6431 520 573
Hyttegrender135 98366 98069 003974 853
Norske Vandrerhjem26 77613 80212 97498 567
Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Mai 2012 og 2013

Samanlikna med mai 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 1 prosent, frå 974 millionar kroner til 987 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 888 kroner til 903 kroner.

Fleire utanlandske hotellovernattingar

Fleire av dei store utanlandske marknadane gjekk ned. Samstundes auka det samla talet på utanlandske hotellovernattingar med 2 000, eller 0,5 prosent, frå mai 2012 og mai 2013. Det var 20 000, eller 2 prosent, fleire norske overnattingar i mai i år enn i fjor.

Det er overnatting i samband med yrke og ferie- og fritidsovernattingar som dominerer, med høvesvis 45 og 42 prosent av overnattingane. Overnattingar i samband med kurs og konferanse stod for 13 prosent den same månaden. Talet på ferie- og fritidsovernattingar og yrkesovernattingar gjekk opp med 2 prosent, medan kurs- og konferanseovernattingar fall med 2 prosent.

Flest norske campingovernattingar

Talet på campingovernattingar vart registrert til 595 000 i mai i år. Det var 531 000 norske overnattingar og 65 000 utanlandske overnattingar på campingplassane.

Flest utanlandske overnattingar i hyttegrender

Det vart registrert 136 000 overnattingar i hyttegrendene i mai 2013. Av dei var 51 prosent utanlandske og 49 prosent norske overnattingar. Utanlandske hyttegrendovernattingar var dominert av tyskarar, med 47 prosent.

10 500 overnattingar på Svalbard

Frå og med mars 2013 inngår tala for Svalbard i den ordinære statistikken. I mai i år var det 10 500 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 39 prosent i forhold til mai 2012 .

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.