92721_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
92721
Fleire hotellovernattingar i juni
statistikk
2013-08-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuni 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Enkelte tall for hyttegrender og campingplasser er blitt noe justert for perioden februar-juni. Oppdaterte tall er i Statistikkbanken.

Fleire hotellovernattingar i juni

I juni i år var det 2,13 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 0,2 prosent fleire enn i juni i fjor.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
Juni 2013Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorgeUtlandetJuni 2013
Rettet 6. september 2013.
Overnattingar i alt3 560 4512 426 3331 134 11813 360 315
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter2 133 1891 406 580726 6099 339 022
Campingplassar1 127 613860 272267 3412 648 186
Hyttegrender255 142137 629117 5131 229 995
Norske Vandrerhjem44 50721 85222 655143 112
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Juni 2012 og 2013

Samanlikna med juni 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 6 prosent, frå 1 253 millionar kroner til 1 323 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 875 kroner til 909 kroner.

Fleire utanlandske hotellovernattingar

Fleire av dei store utanlandske marknadene gjekk ned, men samla auka talet på dei utanlandske hotellovernattingane med 4 000, eller 0,5 prosent mellom juni 2012 og juni 2013. Det var 5 000 fleire norske overnattingar enn i juni 2012.

Det er overnatting i samband med yrke samt ferie- og fritidsovernattingar som dominerte med høvesvis 36 og 53 prosent av overnattingane. Overnattingar i samband med kurs og konferanse stod for 11 prosent den same månaden. Talet på yrkesovernattingar gjekk opp med 4 prosent samanlikna med juni 2012. Kurs- og konferanseovernattingar var om lag uendra, medan ferie- og fritidsovernattingar fall med 2 prosent frå juni 2012 til juni 2013.

Flest norske campingovernattingar

Talet på campingovernattingar utgjorde 1,1 millionar 1 i juni i år. Det var 860 000 1  norske overnattingar og 267 000 utanlandske overnattingar på campingplassane.

255 000 overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert 255 000 overnattingar på hyttegrendene i juni 2013. Av dei var 54 prosent norske og 46 prosent utanlandske overnattingar. Utanlandske hyttegrendovernattingar var dominerte av tyskarar med 41 prosent.

Fleire overnattingar på Svalbard

Frå og med mars 2013 inngår tala for Svalbard i den ordinære statistikken. I juni i år var det 12 000 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 30 prosent i høve til juni 2012.

 

1 Talene blei retta 2. september 2013.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.