Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre hotellovernattingar i august
I august i år var det 2,25 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 1 prosent færre enn i august i fjor. I sommarmånadene juni-august 2013 var det 6,8 millionar overnattingar, mot 6,9 millionar i same periode 2012. Det er ein nedgang på 1,6 prosent.
August 2013 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske hotellovernattinger | Utenlandske hotellovernattinger | August 2013 | |
Overnattingar i alt | 3 778 106 | 2 504 295 | 1 273 811 | 22 234 692 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 2 252 063 | 1 495 103 | 756 960 | 14 003 901 |
Campingplassar | 1 153 174 | 820 384 | 332 790 | 5 993 806 |
Hyttegrender | 314 165 | 167 365 | 146 800 | 1 970 123 |
Norske Vandrerhjem | 58 704 | 21 443 | 37 261 | 266 862 |
Samanlikna med august 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 2 prosent, frå 1 232 millionar til 1 251 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 847 til 866 kroner.
Færre utanlandske hotellovernattingar
Utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 2 500, eller 0,3 prosent, mellom august 2012 og august 2013. Talet på norske overnattingar gjekk i same periode ned med 19 000. Det er ein nedgang på 1 prosent.
Overnatting i samband med ferie- og fritidsovernattingar dominerer, med 59 prosent av overnattingane i august 2013. Talet på ferie- og fritidsovernattingar fall med 4 prosent i same periode.
Flest norske campingovernattingar
Talet på campingovernattingar utgjorde 1,2 millionar i august i år. Det var 820 000 norske overnattingar og 333 000 utanlandske overnattingar på campingplassane.
314 000 overnattingar på hyttegrender
Det vart registrert 314 000 overnattingar på hyttegrendene i august 2013. Av dei var 53 prosent norske og 47 prosent utanlandske overnattingar. Utanlandske hyttegrendovernattingar var dominert av tyskarar, med 55 000 overnattingar.
Fleire overnattingar på Svalbard
I august i år var det 14 000 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 8 prosent i forhold til august 2012.
Frå og med mars 2013 inngår tala for Svalbard i den ordinære overnattingsstatistikken.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54