Innhald
Publisert:
Oppdatert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre hotellovernattingar i september
I september i år var det 1,69 millionar1 overnattingar ved norske hotell. Det er 3 prosent færre enn i september i fjor.
September 2013 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske hotellovernattinger | Utenlandske hotellovernattinger | September 2013 | |
Overnattingar i alt | 2 237 943 | 1 712 608 | 525 335 | 24 472 635 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 1 688 393 | 1 296 581 | 391 812 | 15 692 294 |
Campingplassar | 352 784 | 295 109 | 57 675 | 6 346 590 |
Hyttegrender | 168 107 | 104 939 | 63 168 | 2 138 230 |
Norske Vandrerhjem | 28 659 | 15 979 | 12 680 | 295 521 |
Samanlikna med september 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 1 prosent, frå 1 156 millionar kroner til 1 146 millionar1. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk ned frå 894 til 889 kroner.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 5 200, eller 1,3 prosent mellom september 2012 og september 2013. Mengda norske overnattingar fall i same perioden med 63 300 , ein nedgang på 5 prosent.
Overnatting i samband med yrkesreiser samt ferie- og fritidsovernattingar dominerer med høvesvis 42 og 41 prosent av overnattingane i september 2013. Størst nedgang hadde ferie- og fritidsovernattingar som fall med 3 prosent.
Flest norske campingovernattingar
Talet på campingovernattingar utgjorde 352 000 i september i år. Det var 294 000 norske overnattingar og 58 000 utanlandske overnattingar på campingplassane.
168 000 overnattingar på hyttegrender
Det vart registrert 168 000 overnattingar på hyttegrendene i september 2013. Av dei var 62 prosent norske og 38 prosent utanlandske overnattingar. Utanlandske hyttegrendovernattingar var dominerte av tyskarar med 27 000 overnattingar.
Fleire overnattingar på Svalbard
Frå og med mars 2013 inngår tala for Svalbard i den ordinære statistikken. I september i år var det 7 500 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke frå september 2012 på 9 prosent.
1 Tallet er rettet 5. desember 2013.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54