92729_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
92729
Fleire hotellovernattingar i oktober
statistikk
2013-12-06T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaroktober 2013

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar i oktober

I oktober i år var det 1,54 millionar overnattingar på norske hotell. Det er 2 prosent fleire enn i oktober i fjor.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
Oktober 2013Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarOktober 2013
Retta 11. desember 2013.
Overnattingar i alt1 836 0361 488 901347 13526 310 600
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 542 5371 261 633280 90417 236 722
Campingplassar170 694145 53225 1626 517 293
Hyttegrender99 76768 12431 6432 238 026
Norske Vandrerhjem23 03813 6129 426318 559
Figur 1. Hotell og likande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Samanlikna med oktober 2012 gjekk losjiomsetninga ved hotella òg opp med 2 prosent, frå 1 046 millionar kroner til 1 071 millionar kroner.

Fleire utanlandske hotellovernattingar

Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 15 400, eller 6 prosent, mellom oktober 2012 og oktober 2013. Norske overnattingar steig i den same perioden med 9 300 overnattingar 1 , som utgjer ein oppgang på 1 prosent.

Overnatting i samband med yrke dominerer med 46 prosent av overnattingane i oktober 2013. Størst oppgang hadde ferie- og fritidsovernattingar, der talet steig med 7 prosent.

Flest norske campingovernattingar

Talet på campingovernattingar utgjorde 171 000 i oktober i år. Det var 146 000 norske overnattingar og 25 000 utanlandske overnattingar på campingplassane.

100 000 overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert 100 000 overnattingar på hyttegrendene i oktober 2013. Av dei var 68 prosent norske og 32 prosent utanlandske overnattingar. Utanlandske hyttegrendovernattingar var dominerte av tyskarar som stod for 13 000 overnattingar.

Fleire overnattingar på Svalbard

Frå og med mars 2013 inngår tala for Svalbard i den ordinære statistikken. I oktober i år var det 5 600 hotellovernattingar på Svalbard. Dette er ein auke på 40 prosent i forhold til oktober 2012.

1 Tallet er rettet 11. desember 2013.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.