Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire hotellovernattingar i november
I november 2013 var det 1,52 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 2 prosent fleire enn i november 2012.
November 2013 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | November 2013 | |
Overnattingar i alt | 1 736 440 | 1 451 943 | 284 497 | 28 047 040 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 1 519 055 | 1 278 314 | 240 741 | 18 755 777 |
Campingplassar | 124 021 | 109 099 | 14 922 | 6 641 314 |
Hyttegrender | 74 843 | 52 452 | 22 391 | 2 312 869 |
Norske Vandrerhjem | 18 521 | 12 078 | 6 443 | 337 080 |
Samanlikna med november 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 4 prosent, frå 1 041 millionar kroner til 1 078 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 913 kroner til 921 kroner.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 25 400, eller 12 prosent, frå november 2012 til november 2013. Norske overnattingar steig i same periode med 5 000 overnattingar.
Overnatting i samband med yrke dominerer med 45 prosent av overnattingane i november 2013. Likevel er det ein nedgang på 2 prosent i forhold til november 2012. Både ferie- og fritidsovernattingar og kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp i november, høvesvis 5 og 6 prosent.
Flest norske campingovernattingar
Talet på campingovernattingar utgjorde 124 000 i november 2013. Det var 109 000 norske overnattingar og 15 000 utanlandske overnattingar på campingplassane.
75 000 overnattingar på hyttegrender
Det vart registrert 75 000 overnattingar på hyttegrendene i november 2013. Av dei var 70 prosent norske og 30 prosent utanlandske overnattingar.
Fleire overnattingar på Svalbard
I november 2013 var det 3 300 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 24 prosent i forhold til november 2012.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54