Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre overnattingar på hotella i 2013
I 2013 var det 19,8 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er ein svak nedgang frå 2012.
Desember 2013 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Desember 2013 | |
Overnattingar i alt | 1 255 205 | 968 143 | 287 062 | 29 302 245 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 1 011 386 | 792 286 | 219 100 | 19 767 163 |
Campingplassar | 125 518 | 112 247 | 13 271 | 6 766 832 |
Hyttegrender | 107 756 | 57 519 | 50 237 | 2 420 625 |
Norske Vandrerhjem | 10 545 | 6 091 | 4 454 | 347 625 |
Samanlikna med 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 2,3 prosent, frå 11,9 til 12,2 milliardar. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 874 til 897 kroner.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
Utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 18 000, eller 0,3 prosent frå 2012 til 2013. Talet på norske overnattingar gjekk i same periode ned med 46 000. Av dei utanlandske var overnattingar frå Sverige i fleirtal med over 700 000. Deretter kjem overnattingar frå Tyskland med 560 000. Britar var den tredje største utanlandsgruppa i 2013. Både danske og tyske hotellovernattingar fall med om lag 12 prosent, medan britar og svenskar var tilnærma uendra.
Overnatting i samband med ferie og fritid dominerer med 48 prosent av overnattingane i 2013, ein nedgang på 1,2 prosent i forhold til 2012. Både yrkesovernattingar og kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med 1 prosent.
Flest norske campingovernattingar
Talet på campingovernattingar utgjorde 6,8 millionar i 2013. Det var 5,4 millionar norske og 1,4 utanlandske overnattingar på campingplassane.
2,4 millionar overnattingar i hyttegrender
Det vart registrert 2,4 millionar overnattingar i hyttegrendene i 2013. Av dei var det 55 prosent norske og 45 prosent utanlandske overnattingar.
Fleire overnattingar på Svalbard
Frå og med mars 2013 inngår tala for Svalbard i den ordinære statistikken. I 2013 var det 95 000 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 15 prosent i forhold til 2012.
Svak nedgang for hotella i desember
I desember 2013 var det i overkant av 1 million overnattingar på hotella, ein nedgang på 3 prosent.
Nedgangen gjaldt norske overnattingar, med 4 prosent færre i desember 2013 enn i desember 2012. Talet på utanlandske overnattingar gjekk i same periode opp 2 prosent.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54